Erik Harry Høydal

Innovasjon treng ikkje vere vanskeleg

Strategisk prosjektleiar med erfaring frå internasjonale innovasjonsmiljø.
Eg gjer komplekse ting enkle – frå idé til gjennomføring.








Utvalde prosjekt eg har jobba med


Global porteføljelansering



Ansvar for global formidling







Strategisk utvikling

Spelarprofil
Eit blikk på mine styrkar – og rom for vidare utvikling


Central Attacking Midfielder –
Ser moglegheiter, set retning og likar å spele andre gode

Forkortingar forklart:VIS (Vision) –
Ser heilskap & nye perspektiv
CMP (Composure) –
Langsiktig tenking og strategisk evne
CRE (Creativity) –
Evne til å tenke nye løysingar og gjere komplekse ting enkle
TEAM (Teamwork) –
Byggjer eigarskap i lag
FIN (Finishing/Execution) –
Frå idé til leveranse
STR (Structure) –
Støttar meg på verktøy og samarbeidspartnarar for å sikre struktur og detaljar

AI-assistent - frå idé til global standard

Kort fortalt ✍️I min periode i WSA, ein av verdas største produsentar av høreapparat (tidlegare Siemens), tok eg initiativ til og leda utviklinga av ein patentert Deep neural Network (DNN)-basert assistent for individuell tilpassing av lyd.
Løysinga er i dag både standardfunksjon og ein unik styrke i selskapet si portefølje – brukt av millionar over heile verda.

Bakgrunn 🔎Tradisjonell tilpassing av høreapparat vart gjort i stille klinikkmiljø, basert på ein matematisk formel.
Mange opplevde at lyden ikkje fungerte for dei. Når ein kom tilbake til klinikken, måtte ein prøve å forklare komplekse lydproblem frå minnet, ofte fleire veker seinare.

Det var unøyaktig og frustrerande – og gjorde at mange aldri fekk reell hjelp i kvardagen.

Idéen var å lage ein digital assistent som kunne gi riktig støtte for deg i sanntid, når problemet faktisk oppstår


Kommersielt perspektiv 💼
Ved å gå frå ein one-size-fits-all-modell til ei personalisert, made-for-you-løysing, kunne vi ikkje berre møte individuelle behov betre – men også posisjonere produktet som ein del av ein premium og eksklusiv merkevarestrategi.

Prosess ⚙️Assistenten kombinerer lyddata fra lyttemilljø, brukarinnspel og kunnskap frå ekspertar og millionar av andre brukarar.

Med bruk av ein DNN-modell vert løysingane heile tida forbetra basert på feedback.

Saman med to systemarkitekter laga vi arkitekturen og bygde så opp eit interdisiplinært team på rundt 30 personar, med eiga etasje og utstyr i hovedkontoret.

Sjølv med eit avansert DNN-systemet, var enkel og intuitiv design ekstremt viktig for at det skulle bli brukt. Difor henta eg inn UI/UX-ekspertar frå Oslo for å tilføre nordisk enkelheit i brukergrensesnittet.

Resultat 🎯Funksjonen vart lansert globalt i 2019 som Signia Assistant, en av hovedfunksjonene til lanseringen av ny tech-portfølje fra selskapet og har sidan vore ein USP i marknaden. Då eg slutta i 2023, var over 6 millionar apparat seld med løysinga. Brukarane fekk kontroll over eiga oppleving, færre oppfølgingsbesøk var naudsynt – og bransjen fekk eit av dei første verkeleg brukarstyrte AI-verktøya.

Global lansering


Kort fortalt ✍️WSA, ein merger av tidligare Widex og Siemens Hearing, er selskapet som selg flest høreapparat i verden. Det var difor ei stor ære å få end-to-end ansvar for selskapet si viktigaste globale lansering - Ny tech- og produktportefølje til hovedmerket "Signia".
Eg starta med å leie ei omfattande innsiktsperiode med brukarar og profesjonelle på tvers av kontinent – og avslutta med ein samla utrulling på verdas største bransjescener og i over 125 land.

const v = document.getElementById('glVideo'); v.playbackRate = 0.75; // 75% av normal hastighet (litt saknare) v.addEventListener('timeupdate', () => { if (v.currentTime >= 8) { v.currentTime = 0; } });

Bakgrunn 🔎Lanseringa representerte eit avgjerande skifte. Vi trong å forstå kva som verkeleg var viktig for både brukarar og fagfolk, og omsetje det til historier og funksjonar som ville treffe globalt.

Signia er selskapets hovudinntektskilde og det er essensielt for all drift at ei ny plattform leverer. I tillegg var det viktig for merkevaren å vise seg som den mest innovative aktøren i bransjen.

Prosess ⚙️

Leda brukargrupper i New York, San Francisco og Hamburg, med observasjon frå bakrom. Vi testa ulike value-propositions og konsept og mottok rangeringer og viktige tilbakemeldinger.

Parallelt intervjua vi audiologar på klinikkar i dei same områda, sidan dei i mange marked sitt som gatekeepers.Identifiserte eit gap: mange opplevde at apparata ikkje passa deira aktive liv.Utforma historia om eit apparat for ein aktiv livsstil, og såg behov for meir skreddarsying til kvar enkelt – noko som seinare resulterte i idéen om ein AI-assistent. sjå casen her →Presenterte funn og anbefalingar for styret og leiinga, og fekk mandat og ressursar til å utvikle plattforma, funksjonar og historia.

Vidare var det viktig å briefe og få buy-in hjå R&D, key markets og øvrig launch team, for å utvikle teknologi, kampanjar og visuelt uttrykk.

Roadmap vart laga med lanseringstidspunkt og global utrulling i 130 land.

Resultat 🎯Lanseringa styrka merkevara si posisjon globalt og endra oppfatninga av kven produkta var for; kvar enkelt brukar.Prosessen viste verdien av å starte med grundig innsikt, samle funksjonar og historier i ei klar retning – og kommunisere dei likt og tydeleg i alle marknader.

Kommersielt blei lanseringa ein suksess. ved utgangen av 2022 hadde inntjeninga passert 1 Milliard Euro.

Global formidling

Kort fortalt ✍️Med bakgrunn innan musikk har eg alltid vore opptatt av formidling. Som vokalist, foreleser eller foredragshalder, har eg vore fascinert av kva som gjer ting interessant og fengande. Eg har fått tillit til å representere bodskap, både i Noreg og seinare på globale scener, frå Mexico til Tokyo. Som keynote-haldar i WSA formidla eg både teknologi og strategi – på ein måte som gjorde komplekse tema forståelege og forhåptentligvis inspirerande.

Bakgrunn 🔎Lanseringar og ny teknologi krev meir enn berre produkt. Dei treng historier som skapar forståing og entusiasme, både internt og eksternt. Eg fekk sentralt ansvar for å utvikle desse, samt stå på scenene der desse historiene vart fortalt – til kundar, til bransjen og til på interne lanseringar.
Eg var òg kommersielt ansvarlig for selskapets hovudmerkevare og styrte dermed òg vitenskapelige publikasjonar og mediahåndtering.

Prosess ⚙️Heldt keynotes ved lansering og fekk ansvar for store bransjescener i Nürnberg og Nashville.
Var foredragshaldar på internasjonale konferansar frå Cambridge til Tokyo.

Tok del i panelsamtalar og digitale sendingar, med alt frå tinnitus i Mexico til framtidas telemedisin i Japan.

Utvikla bodskap og narrativ saman med lanseringsteama, og skreiv manus for presentasjonar og visuell storytelling.

Resultat 🎯I formidlinga har eg forsøkt å bidra til å posisjonere selskap som innovasjonsleiande, men også til å skape internt engasjement. Eg har fått god erfaring med å stå på scener for tusenvis – og med å formidle teknisk komplekst innhald på ein enkel og tydeleg måte. Eg trur dessutan ein ofte undervurderer betydninga av å få med eigne ansatte på reisa. Ein samla gjeng med indre driv og forståelse, skapar oftast eit tydelegare sluttprodukt.

Strategi og utvikling

Kort fortalt ✍️Strategi handlar for meg om å gjere framtida tydeleg. Kanskje er det ikkje tilfeldig: eg kjem frå ei slekt som bokstaveleg talt bygde fyrtårn.På 1800-talet fekk ein av mine forfedre, Ole Gammelsen Mork, ansvar for å sette opp over 70 fyrtårn langs norskekysten – for å gi skip retning og tryggleik.På same måte har eg arbeidd med å visualisere fyrtårn i form av konsept, veikart og programvare som skal leie selskap vidare i tiår framover.

Bakgrunn 🔎I WSA fekk eg tillit til å utvikle styringsdokument og langsiktige veikart som skulle forme både brandstrategi og programvareutvikling for profesjonelle og sluttbrukarar. Arbeidet handla ikkje berre om å planlegge funksjonar, men å definere kva retning vi som organisasjon skulle ta – og kva element som måtte vere på plass for å halde kursen.I noverande stilling har eg jobba mykje med å forme merkevaren; ny nettside og bodskap, samt styring mot meir B2B-fokus for meir stabilt økonomisk grunnlag gjennom en krevjande "dyrtid"-periode for B2C-marknaden.

Prosess ⚙️Leda, som Concept Manager, konseptarbeid til ny software for både klinikk og sluttbrukar-app. Her vart resultatet alltid ein klikkbar demo, der merkevareaspektet var ivaretatt.Utvikla upstream roadmaps (5–10 år fram i tid). I ein organisasjon med 1100 ingeniører var det viktig å lage tydelege roadmaps der vi styrte mot eit felles mål, samt ivaretok dagens "bread & butter" produkt.Samla datasystem frå ulike siloar etter fusjon, for å skape eit meir integrert systemlandskap.Jobba tett med brand management for å sikre at teknologien støtta posisjon og kommunikasjon.

Resultat 🎯Desse prosessane bidrog til å gjere retninga tydeleg, skape samanheng mellom teknologi og merkevare – og legge grunnlag for framtidige generasjonar av løysingar. For meg vart det også ei stadfesting på at strategi handlar om å sjå lengre enn kvart enkelt prosjekt: å bygge fyrtårn som gjev kraft og retning for mange år framover.

Profil

Strategisk prosjektleiar med brei erfaring frå internasjonale miljø og leiing av tverrfaglege team. Eg har drive fram komplekse prosjekt innan teknologi, innovasjon og merkevarebygging – og trivst best når eg kan kombinere strategisk blikk med praktisk gjennomføring. Målet mitt er alltid å gjere komplekse ting enkle, samt sikre at idéar faktisk blir realisert i form av verdi for både organisasjon og kundar.

Bakgrunn

Karriera mi har gått frå undervisning og produktleiing i Noreg, til globale prosjekt innan innovasjon og lanseringar i Tyskland og Danmark, og vidare til strategi- og forretningsutvikling i Oslo. Felles for rollene mine er kombinasjonen av kreativitet og struktur: setje eit tydeleg målbilde, samle tverrfaglege team – og levere løysingar som faktisk blir brukte.

Erfaring (utval)

Chief Strategy Officer – Hør (Oslo)
2022–d.d.
– Ansvar for digital kundereise, merkevare og utvikling av nye forretningsområde
– Porteføljestyring og prioritering av tiltak (B2C, forsikring, B2B)
– Frå hypotesar til tiltak: test → læring → skalering
Internasjonale roller – Siemens / WS Audiology (Tyskland & Danmark)
2016–2023
– Prosjektleiing av globale innovasjonsprosjekt og lanseringar
– Bidrag til AI-/digitale initiativ og kommersiell strategi
– Leidde tverrfaglege team på tvers av land og funksjonar
Product Manager – Siemens / Sivantos (Noreg)
2014–2016
– Nasjonalt ansvar for produktportefølje og lanseringar
– Go-to-market, posisjonering, opplæring og salstøtte
– Kryssfunksjonelt samarbeid mellom kommersiell og teknisk side



Utdanning & vidareutvikling🎓

UtdanningMaster i klinisk helsevitenskap – NTNU (2015)Bachelor i audiologi – HiST/NTNU (2010)


Kurs og vidareutdanning

Agile Project Management - Google Professional Certificate (2025)
Innovation Management – Erasmus University Rotterdam (2025)Strategic Thinking – LinkedIn Learning (2023)Digital Disruption – University of Cambridge Judge Business School (2021)Mini MBA in Brand Management – Mark Ritson (2021)Leading International Teams Successfully – Heufe Akademy, Tyskland (2018)

Drivkraft ⚡

Eg brenn for å gjere komplekse ting enkle, og for å bygge eit tydeleg «fyrtårn» som gjev retning til både strategi og utvikling. Teknologi og innovasjon har først verdi når dei gjer kvardagen enklare – elles blir dei ikkje tekne i bruk.Etter mange år med global karriere og hyppig reising valde eg å rette fokus meir lokalt då eg fekk to små barn. Erfaringa mi frå Tyskland og Danmark har eg tatt med meg vidare inn i nye roller i Noreg, der eg jobbar med å utvikle digitale kundereiser, forretningsområde og merkevarebygging – alltid med målet om å gjere komplekse ting enkle i praksis.

Formidling har alltid vore ein del av drivkrafta mi – frå tida som vokalist til å skape retning og energi i strategiske prosjekt.

Testkonspet